Karl Ove Hufthammer

Omsetjing av dataprogram til norsk – ressursar og diskusjonsliste

Er du interessert i å ha dataprogram på norsk? Då anbefaler eg å kikka innom nettstaden l10n.no. Der prøver me å samla ressursar for folk som arbeider med eller er interesserte i omsetjing av fri programvare til nynorsk og bokmål (og eventuelt samisk). Me har òg ei eiga e-postbasert diskusjonsliste som har halde det gåande sidan 2001.

(oppdatert )

Finn det rette ordet med finn-relaterte-ord

Eg har laga eit enkelt program (Python-skript), finn-relaterte-ord, for å finna ord som er relaterte til eitt eller fleire oppgitte ord. Orda som vert funne, kan vera synonym, men dei kan òg vera andre nærskylde ord. Eit søk på «journalist» vil for eksempel finna både «skribent» og «bladfyk», men òg ord som «avis» og «penn» og uttrykk som «ha ein god penn».

(oppdatert )

Korleis byta namn på ein litt komplisert måte?

Tenk deg eit land der den vonde herskaren har bestemt at jo, det er lov for alle å byta namn, men berre med éin bokstav. Heiter du Karin, kan du altså byta namn til for eksempel Karen, Kari eller Katrin. Men kva om du heller vil heita Anne? Jo, det går faktisk òg bra.

(oppdatert )