«Sør-peis»? Du les setninga om igjen. Og ein gong til. Kva er det dei meiner? Brått går det opp for deg; det var «sørpe-is» det var snakk om. Du har blitt offer for databasert orddeling. Her finn du fleire skrekkeksempel …
Datamaskiner har ført til store endringar i måten aviser og andre trykksaker blir produsert. Ein kan no få til flotte grafiske utformingar, og redigering av tekst kan gjerast både kjapt og enkelt. Men dessverre har datamaskinene sitt inntog i publiseringsverda og hatt negative konsekvensar. Den manuelle korrekturlesinga blir redusert, eller til og med fjerna, til fordel for elektroniske stavekontrollar, til tider med horrible resultat. Eit anna ofte oversett problem er orddeling.
Med orddeling meiner eg ikkje serskriving (der for eksempel «lammekotelettar» blir til «lamme kotelettar»), men deling av ord på slutten av linjer. Ofte blir blokkjustert tekst (jamn høgremarg) brukt, og dette gjer orddeling spesielt nødvendig. Problema dukkar opp når det er datamaskiner som skal ta seg av denne jobben.
Rett nok har orddelingsprogramma blitt betre med åra. Opphavleg fanst det berre engelske program for dette, som gav grusomme resultat når dei vart brukt på norsk tekst. No finst det ordlister/algoritmar som fungerer greitt for norske ord òg. På denne sida finn du skrekkeksempel på orddelingar henta frå forskjellige aviser og blad.
Nokre av orddelingane du finn her er morosame, andre berre tragiske. Men dei fleste forstyrrar lesinga, og gjer teksten vanskelegare å forstå. Derfor må me kjempa mot feilaktige orddelingar, før problemet blir for stort. Avis- og bladprodusentane er sjølve ansvarlege for å bruka programvare som kan gjera god orddeling av norske ord. (Det same er òg du når du produserer tekst!)
Kvar orddeling blir testa med følgjande programvare:
Eg har markert korleis desse handterer orda med
for korrekt orddeling og
for feilaktig orddeling. Viss du har tilgang til andre orddelingsprogram for norsk, tar eg gjerne imot rapportar om korleis desse handterer orda du finn på denne sida.
Viss du finn orddelingsfeil ikkje nemnt på denne sida i aviser, blad eller andre plassar, er eg veldig interessert i å høra om det. Ord som får ei ny tyding på grunn av orddeling er spesielt velkomne. Det same er ord som blir uforståelige når dei er feildelt. Viss du ser nokre av dei orddelingane nemnt på denne sida på trykk andre plassar, er òg dette av interesse. Hugs å skriva om det er greitt at nemner deg med namn og e-postadresse når du sender meg orddelingstips.
En artikkel om Morten Abel i Dagbladet for en tid tilbake. Gikk en stund før jeg skjønte hva en «po-promantiker» skulle være.
«Nettapene har imidlertid ikke skremt Møller […]» Det er sjølvsagt (eller dessverre) «nett-tapene» og ikkje «nett-apene» det er snakk om …
[…] ga oss en så bra totaly-
telse at det ble liggende et heste-
hode foran de andre.
[…] i Dagbladet fredag 8. mars 2002, «:sterke meninger», under «Landslaget på rævva».
I ein og same artikkel i Dagbladet for eit par år sidan – det var ein kommentar til eit naturprogram på TV – såg eg desse to. [Kommentaren gjeld denne og neste orddeling.]
Eg måtte lesa dette ordet fleire gongar før eg endelig forsto kvar som var meint.
Hmm, kanskje dette er den endevendinga ein føretar når ein leitar etter nåla i høystakken?
Siden jeg vokste opp i en «klassisk» gruveby, Kongsberg, selv om det er over 40 år siden gruvene var i drift visste enhver guttunge i min barndom hva en stoll er. Men «Trondheim-stollere», som Adressa skriver om, det er en ukjent yrkestittel.
Disse stollerne har forresten oppdaget mye «smås-mugling» – å «mugle» er vel en form fra sørlands-dialekter, vi pleide si «mugne» på Kongsberg. Med fuktigheten i stollene var det nok ikke urimlig at noe ville mugle/mugne. Likevel er jeg ikke helt sikker på hva smås-mugling er for noe.
Sommerens definitive fulltreffer må vel være i en kronikk i Adressa den 3. august (det kan ha vært den 4. august) om «pornofiseringen» av motene for småjenter, som ifølge skribenten var drevet fram av de store kle-skjedene.
I uka etter fortalte en bilspalte i samme avis om en bil med firehjul-strekk. Jeg har sett forhjul-strekk for mange år siden, så dette er bare en oppdatering.
Computerworld (hjemmehørende blant «den kulørte fagpresse») skrev i slutten av juli om Internett og de dominerende innholdsleverand-ørene. De klarte å få til den ordde-lingen to ganger i samme artikkel, forresten.
Samfunn-stopper – den er jo bare en variasjon av «orddeling-stoppen».
Fotografi som kun-start. Man går kanskje over på oljemaleri etterpå?
Det nye-tablerte L-M-K-akademiet. Et tablå er jo noe som er satt fram på et bord, så dette er vel noe som nylig er satt fram som et tablå, eller hva?
Det må vel være det utvalget mat man har i et gatekjøkken med utsalg over hagegrinda, eller?
Sjølv hugsar eg eingong eg las i Klassekampen i spalta «På teppet» for lenge sidan (sikkert to-tre år), der dei dreit ut Dagbladet for ei fantastisk orddeling dei hadde på prent. Dei skreiv om ein skite-kniker, og det var sanneleg ikkje openberrt kva det tydde. Konteksten var vintersport, og det var jo sjølvsagt ein ski-tekniker det var snakk om!
Stod i ei avis, hugsar ikkje kva og når.
Jeg tror den er ekte. Mener jeg så den selv, men det begynner å bli noen år siden, et uhell med en som hadde fått en pils-piss i øyet.
Ellers er jo den virkelig klassiske en skikkelig stor overskrift på forsiden av Nordlys: Det stod ett eller annet om «kirkemusikkuken», og de klarte å orddele midt på dobbeltkonsonanten. Og den historien er så gammel at de neppe kan skylde på databaserte orddelings-systemer – det var nok en liten djevel som hadde gått i en setter, regner jeg med.
[…] jeg så [barke-eper] i en eller annen pocketbok en gang.
Her er ei morosam orddeling eg fekk i korrekturen på ein artikkel eg hadde skrive sjølv.
Dette er ein klassikar eg hørt om, men som eg ikkje veit om er ekte.
Dette er ein klassikar som dukka opp både titt og ofte då dette ordet var «nytt».
Det var en tilstelning – utstilling – om emnet her i byen, og arrangøren presterte å ordd-ele som nevnt i en overskrift i brosjyren.
Dette er normal-orddelingen i Adressa! Den der forekommer gang på gang.
Her er ei kort oversikt over korleis dei ulike orddelingsprogramma klarte seg på orda ovanfor. Talet på feil (av 38 orddelingar):
Først publisert: 2001-07-20
Sist oppdatert: 2003-05-01