Du er no her. Men er du sikker på at du ikkje heller vil vera på den meir hyppig oppdaterte bloggen min?

Huftis’ nettstad

Velkommen!

Dette er heimesida til Karl Ove Hufthammer. Mest populært her er nok mine omtalar av Gratis kvalitetsdataspel, men nynorsk programvare er det òg mange som er interesserte i. Elles finn du nokre artiklar om ymse tema, og det kjem fleire etter kvart.

Siste nytt


Gratis kvalitetsdataspel

Ein liten nettstad med oversikt over og omtalar av gratis PC-spel av sers høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6.

Nettsideutvikling

Her finn du ymse artiklar om utvikling av nettsider. Eg har (openbert) arbeida litt med dette sjølv, og vil dela av erfaringane eg har gjort meg. Artiklane er ofte detaljerte, men handlar om relativt smale emne.

Nynorsk programvare

Det har lenge vore mangel på nynorsk programvare. Dette er heldigvis i ferd med å endra seg. Sjølv har eg omsett fire program til nynorsk – ein nettlesar, eit tekstbehandlingsprogram, eit vevstatistikkprogram og eit dataspel.

Språk

Eg er nok eit språkmenneske, på godt og vondt. Her finn du nokre meir eller mindre interessante artiklar om språk.

Ymse artiklar

Som dei fleste andre har eg ulike interesser og meiningar om mykje. Her vil eg dela nokre av desse meiningane med dei som måtte ha fritidsproblem nok til å ville høyra dei.

Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>

Først publisert: 1999-01-01
Sist oppdatert: 2001-07-03


Denne sida er sett saman med gyldig XHTML 1.0.   RSS-utgåve av denne nettstaden.   Ho har òg gyldig CSS (stilsett).