Som dei fleste andre har eg ulike interesser og meiningar om mykje. Her vil eg dela nokre av desse meiningane med dei som måtte ha fritidsproblem nok til å ville høyra dei.
Utviklinga av postteknologi har komme svært langt dei siste hundre åra, og dei fleste teknologisk oppdaterte land brukar no maskiner til sortering av post. Dette gjeld blant anna Noreg og USA. Denne artikkelen handlar om korleis du skal adressera post til USA slik at mottakaradressa kan lesast maskinelt. Dette fører nemlig til meir effektiv handtering av posten, slik at han kjem raskare fram.
Av dei mest brukte inneiningane for datamaskiner, er musa. Men denne gnagaren har ein interessant slektning, styrekula. I denne artikkelen fortel eg om mine erfaringar med ei Logitech TrackMan Marble+-styrekule – ei styrekule eg til slutt vart svært glad i.
Utbreiinga av Internett har gjort det mulig å kommunisera ikkje berre med tekst, men òg med tale. Faktisk kan du bruka Internett til å snakka med folk på hi sida av verda – til prisen av vanlig nettsamband (vanlegvis lokaltakst eller ei fast månadsavgift). Men då er det mest praktisk med eit «headset», som er høretelefonar med innebygd mikrofon. Her har eg gjort meg nokre erfaringar.
Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>Først publisert: 1999-01-01
Sist oppdatert: 2001-06-09