AWStats er ein gratis logganalysator som kan generera avansert grafisk og tabellbasert statistikk for nettstaden din. Programmet støtter dei fleste loggformata og kan kjørast på alle vevtenar som støttar Perl. Alt dette på nynorsk!
Noko av det kjekkaste med å ha eiga heimeside er å følgja med på kor mange som kjem på besøk. Til dette brukar ein ofte teljarar – små bilde som viser talet på folk som har sett sida. Men slike teljarar er upålitelige, lettare forstyrrande for brukarane, unødvendige og gjev vanligvis heller ikkje serlig mykje informasjon.
Grunnen til at teljarar er unødvendige, er at alle vevtenarar (maskiner der nettsidene dine ligg) loggfører alle besøk. Denne loggen inneheld mykje informasjon – mykje meir enn ein enkel teljar kan gje deg. Men ein logg er ikkje laga for å lesast direkte av menneske, og det er her AWStats kjem inn. Dette programmet kan analysera loggfila di, og ut frå denne laga ganske avansert, og ikkje minst interessant, statistikk. Denne blir presentert som tabellar og flotte grafar. Her følgjer ei oversikt over noko av den informasjonen du får tilgang til viss du brukar AWStats:
Det finst fleire sider som brukar den nynorske versjonen av AWStats. Her følgjer ei lista:
Viss du sjølv brukar nynorsk AWStats, eller kjenner til andre sider som gjer det, vil eg med gleda nemna dette her. Ta kontakt, so får du/dei litt kjekk gratisreklame!
Programmet støttar alle dei vanligaste loggformata, samt eigendefinerte format. Det er skrive i Perl, og du kan derfor kjøra det under alle vevtenarar som støttar dette (dei fleste gjer det). Lisensen er GNU General Public License. Statistikkrapporten kan visast på ein haug forskjellige språk, inkludert nynorsk og bokmål.
Sjølve programmet, installasjonsinstruksar og annan informasjon finn du på den offisielle AWStats-heimesida. Eventuelle spørsmål kan rettast til meg.
Først publisert: 2001-10-24
Sist oppdatert: 2003-05-13