Lenkjer er noko av det som har gjort HTML populært. Her vil det etter kvart komma ein artikkel om lenkjer generelt, med underartiklar om meir spesifikke ting som gjeld lenkjer i XHTML.
Internett er full av lenkjer som ikkje går nokon plass – brotne lenkjer. Dette er verken ønskelig eller nødvendig. Denne artikkelen handlar om brotne lenkjer, og om korleis du unngår dei ved å bruka automatisk vidaresending.
Lenkjer er sjølve grunnsteinen i alle hypertekstdokument, noko XHTML-sider er. Alle lenkjer har ein lenkjetekst, som er den teksten du aktiverer (trykker på) for å følgja lenkja. Men lenkjeteksten blir ofte dårlig, noko som forstyrrer lesinga. Denne artikkelen forklarer korleis lenkjetekstar bør, og ikkje bør, bli utforma.
Apache er ein av dei mest brukte og beste vevtenarane. Ved hjelp av ei lita tekstfil kan du vidaresenda brukarar og søkemotorar som besøker ei (flytta/utdatert) adresse til ei anna. Denne artikkelen viser korleis. For litt bakgrunnsinformasjon om vidaresending kan du sjå artikkelen «Lenkjeròte og vidaresending» (dette er imidlertid ikkje nødvendig).
Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>Først publisert: 2001-07-14